Event

Cowork-veka // Hareid

Advertisement

Er du heime på Sunnmøre, og har lyst til å forlenge opphaldet med nokre dagar? Sit du på heimekontor, og har lyst på litt miljøforandring? Eller kanskje du er student, og vil kickstarte året med litt lesing av pensum i fred og ro?

Millennium Cowork og Vekst i Hareid tilbyr gratis arbeidsplass på Millennium Cowork frå 11.-15. august! Ta med arbeidet ditt, og prøv dei nye fine lokala!

Høyrest dette interessant ut? Send e-post til a2ltIHwgYnJha2FsaSAhIG5v for å reservere gratis plass i coworken. Hugs å spesifisere kva dagar du vil nytte deg av tilbodet!

Tips gjerne andre du kjenner som kan vere interesserte i tilbodet.

Og PS: På onsdag 13. august arrangerer vi også Jobbmoglegheiter // Hareid, der næringslivet og kommunen vil presentere moglegheitene for å jobbe og bu i Hareid dei komande åra. Sjå eige arrangement.



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Aalesund Events in Your Inbox