Event

Kjetil Flatland og Helge Wahl Flatland på Groven

Advertisement

Det er etter kvart mange som har fått øyrene opp for saksofonisten og vokalisten Kjetil Flatland frå Seljord. Med røter i folkemusikken og jazzen skriv han innhaldsrike songar – både tekstleg og musikalsk – og han har gjeve ut tre kritikarroste album. I songane tek han tak i små og store ting i livet og i verda, og set det inn i heimekjære og gjenkjennbare situasjonar. Songane appellerer til fleire generasjonar, og med seg har han nokre av landets beste musikarar.



På konserten på Groven har han med seg sin mangeårige makker Helge Wahl Flatland på tangentar. Han er ein aktiv og mykje bruka pianist, som er kjent for sitt virtuose og fargerike spel. Flatlandkarane lyfter duoformatet til nye høgder, og byr på ein stemningsfull og innhaldsrik konsert – der ord og tonar utfyller kvarandre. Me ynskjer velkomen til ein haustkveld for minneboka!


Ta kontakt direkte med Groven Camping for middagsbestilling før konserten!
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Notodden Events in Your Inbox