Event

Geologitur til Blåskavlen, Aurland kommune

Advertisement

Guida tur i fantastisk, spennande landskap med geolog Maiken Minde, som har forska på Blåskavlen!

På turen får du lære om Blåskavlen sin variasjon i storleik dei siste 10 000 åra, kva spor etter breaktivitet vi kan observere i landskapet i dag og korleis me kan nytte naturen til å forske på klima og brear. Minde presenterer resultat frå masteroppgåva si om Blåskavlen i samband med dette og tek oss med til dei lokalitetane der ho har gjort dei mest interessante funna.

Turen er middels krevjande, går 8 km utanom sti i lett kupert terreng, om lag 250 høgdemeter.

PRAKTISK INFO
Parkering/ oppmøte Vetle Andisvatnet, p-plassen på nordsida
Vanskegrad Middels krevjande
Ta med tursko for variert terreng og kryssing av mindre
bekkar
Vindklede og litt ekstra klede
Sitjeunderlag, niste og drikke
Pris Vaksne – Gratis
Born/ungdom – Gratis


PÅMELDING INNAN FREDAG 22. AUGUST!
NB: Begrensa med plassar!

KONTAKTPERSON:
Maiken Minde – tlf. 45060131, mail: bWFpa2VuIHwgdmVyZHNhcnZwYXJrZW4gISBubw==




Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Voss-HO Events in Your Inbox