Event

ÅJFF fiskekonkurranse

Advertisement

ÅJFF inviterar til tradisjonsrik fiskekonkurranse på Damvoktaren!

Dato for årets konkurranse er søndag 10. august. Ifjor satte me nok ein gong (!) påmeldingsrekord, og me håpar at enda fleire vil bli med i år!

Med midlar tildelt av Norges Jeger og Fiskerforbund, kan me i år gledelig annonsere at det er GRATIS deltaking for alle juniorar!

Hovudpremien er på heile 5000 kr, som trekkes på ei tilfeldig idealvekt, så her kan alle som får fisk vinne. I tillegg er det premiering i dame-, herre-, og juniorklassen, samt trekning av premiar på startnummer.

Damvoktaren held som alltid ope, med sal av mat og drikke. Alle juniorar får gratis pølse og brus, samt deltakarpremie.

Påmelding fra kl. 11 på Damvoktaren på konkurransedagen.
Reglar for konkurransen vil bli lagt ut på arrangementssida og facebooksida til foreningen.

Ein treng ikkje vera medlem for å delta på konkurransen, men det blir mulighet for å melde seg inn i foreningen for dei som ønsker det.

Vel møtt til ein flott friluftsdag i fjellet!



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Stryn Events in Your Inbox