Telemarkfestivalen 2025 | Laura Ellestad i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen
Advertisement
Laura Ellestad i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen
Laurdag 9. august 2025
Bø bok og papir, kl. 13:00 – 14:00
235.-
Doktorgradsbading
Laura Ellestad er hardingfelespelar og forskar, og ho underviser i folkemusikk på USN. No er ho òg den første folkemusikaren som har disputert for doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule. I 2023 fekk ho godkjent doktorgradsavhandlinga, «Kappleiks and House Parties: Norwegian Traditional Fiddle in Upper Midwestern Contexts, 1900-1970». Prosjektet hennar undersøkar musikkulturen i norsk-amerikanske samfunn i det øvre Midtvesten i perioden 1900–1970, og skildrar korleis framføringsformer av dei to musikksjangrane bygdedansmusikk og norsk-amerikansk old-time music bidrog til å skape mangfaldige norsk-amerikanske identitetar i ein periode med store endringar i USA. I samtale med Anne Svånaug Blengsdalen vil Ellestad presentere funna sine. Det er nærliggande å tenkje seg at publikum vil få oppleve ein og annan slått undervegs.
Get Tickets