Stilett + Kor for uss
Advertisement
Cabaretensemblet Stilett er 20 år!
Dei legg ut på jubileumsturné og ynskjer å feire med både nye og trufaste publikumarar! Med seg på reisa har dei musikalske godbitar frå ei 20 år lang karriere - og pianist Torgeir Koppang. Stilett har produsert sju heilaftens cabaretar og spelt hundrevis av forestillingar der damene syng om alt frå dagsaktuelle politiske tema til kvardagslivets små og store gleder og utfordringar. Stilett består av sju sangarar med svært variert musikalsk bakgrunn frå jazz til opera. Med skråblikk på seg sjølve og på verda dyrkar Stilett satire i kombinasjon med vakker sang og meiner sjølv dei har modernisert cabaretsjangeren og utvikla ein eigen musikalsk sjanger, nemleg humoristisk skjønnsang.
Denne kvelden får me høyre det aller beste Stilett har på repertoaret. Og ikkje berre det - jentene har fått med seg lokale krefter, det sagnomsuste mannskoret "Kor for uss"! Gutta frå Nordbygdan har vaska skjorta og henta fram det finaste dei har på repertoaret. Velkomen til ein fest med musikk og moro!
Get Tickets