Henrik Sørensen og draumen om den evige fred - foredrag ved kurator Kari J. Brandtzæg
Advertisement
«Henrik Sørensen og draumen om den evige fred»: Velkomen til foredrag på Smørklepp Kunstmuseum
I dette foredraget fortel kunsthistorikar og kurator Kari J. Brandtzæg om Henrik Sørensen sin kunst og pasifistiske engasjement i mellomkrigstida. Kort tid etter avslutninga av fyrste verdskrig i 1918 reiste Sørensen til Paris og var med på ein ekskursjon til slagmarkene i Verdun og Reims. Trua på å velge fredens mulighet, og ikkje krig og vald, følgte Sørensen livet ut. I 1939 måla han Drømmen om den evige fred til det nyoppretta Folkeforbundet i Genéve. Då det monumentale maleriet vart frakta gjennom eit myrkelagt Sveits var Europa på veg inn i ein ny storkrig. Var Henrik Sørensen ein naiv og utopisk svermar?
Kari J. Brandtzæg er seniorkurator ved Munchmuseet og ferdigstilte sin Phd-avhandling Henrik Sørensen og mellomkrigstidens tendenskunst i et transnasjonalt avantgardeperspektiv ved IFIKK / Universitetet i Oslo, 2024.
Velkomen! Enkel servering rett før programstart kl 18 og det er gratis deltaking.
Arrangementet er støtta økonomisk frå Vinje kommune.