Blåbærhauge opp
Advertisement
Søndag 27. juli (Olsokhelga) vert Blåbærhaugen opp arrangert. Oppmøte/start på Alsaker Brygge, mål på Blåbærhaugen. Distanse 3,5 km og stigning på 300 høgdemeter. Traséen er dei første 1900 m asfalt, og deretter grusa skogsveg heilt til toppen. På toppen har ein ei fantastisk utsikt over Onarheim og fjorden med Kvinnheradfjella i bakgrunnen. Premiering til dei 3 beste kvinner/menn i konkurranseklasse. I mosjonsklasse vert det registrert tid, og den som er nærmast oppsett idealtid (prøvegått av ein i styret) vert premiert. Det vil også bli trekt nokre gåvepremiar. På toppen vert det sal av pølse i brød, og det er gratis saft og kaffi. Dette er eit tiltak med ein sosial profil og passar for alle. Onarheim IL ser fram til denne dagen og satsar på bra vêr. Håpar du kjem!
Start Mosjonsklassen 12:00, påmelding frå 10:30
Start konkurranseklasse 13:00, påmelding frå 12:00.
Pris konkurranseklasse: 150kr
Pris mosjonsklasse : vaksen 50kr, born 25kr
Start Mosjonsklassen 12:00, påmelding frå 10:30
Start konkurranseklasse 13:00, påmelding frå 12:00.
Pris konkurranseklasse: 150kr
Pris mosjonsklasse : vaksen 50kr, born 25kr
Advertisement