Event

Laksafest for 31. gong!

Advertisement

Tradisjonen tru inviterer Gerhard og dei gode hjelparane til Laksafest på Alsaker Brygge siste fredag i juli - i år for 31. gong! Hald av datoen og bli med på gildet!

Høvdingar og blotsmenn…

…alle kjende og ukjende, bygdafolk og hyttefolk, fastbuande og tilreisande er velkomne til laksafest på Alsaker Brygge fredagskvelden 25. juli, frå (halv) ni-tida og utover.

Me fyrer opp grillen og byr på grilla laks med tilbehør, og så tek du sjølv med det du vil drikke til. Det blir spelt opp til dans.

Så vonar me at så mange som mogleg kan koma og ta med seg finvêr og festhumør!



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Ølen-NO Events in Your Inbox