Event

Instruktørkurs: teater for vaksne

Advertisement

27.-28.september 2025 inviterer Noregs Ungdomslag til teaterinstruktørkurs. Kurset skjer på Hjerleid skole- og håndverkssenter på Dovre.

Instruktør er Janne Aasebø Johnsen. Ho er rektor, forfattar, dramatikar og forleggar. Ho har vore aktiv i Lillehammer amatørteater sidan 1994, og har innehatt alle roller i ei amatørteaterframsyning. Ho har mange år bak seg som tillitsperson og rågjevar i Natf og er ein erfaren kurshaldar.

Påmeldingsfrist 12.september.

🎭 Teaterinstruktørkurset er for deg som vil lære meir om korleis du kan jobbe med ei teatergruppe beståande av ungdom og vaksne for å setje opp ei framsyning.
🎯 Kurset er for deg som instruerer eller har ønske om å instruere teater for vaksne. Kurset er for både erfarne og nybyrjarar.
🤡 Kurset vil mellom anna fokusere på korleis setje opp komedie og farse.
❗️Kurset har eit avgrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga.
🛏️ Overnatting er ikkje inkludert i kursavgifta og ein kvar må sjølv sørge for overnatting. Aktuelle stader å finne overnatting er:
- Toftemo turiststasjon.
- Dovre motell
- Hjerleid skole- og handverkssenter
- AirBnB
📍 Stad: Hjerleid skole- og handverkssenter, Jøndalsvegen 3B, 2662 Dovre
📆 Tid: Laurdag 27. september kl. 10-16 og sundag 28. september kl. 10-16.
💰 Pris: 500,- for NU-medlemmer, 1000,- for ikkje-medlemmer (inkl. lunsj)



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Dombås Events in Your Inbox