Event

Telemarkfestivalen 2025 | OPNINGSKONSERTEN

Advertisement

Opningskonserten
Fredag 8. august 2025
Storsalen, Gullbring, kl. 19:00
365,- inkl. bill.avg.

Konfekteska med dei mange gode bitane
I årets opningskonsert vil me møte gitarnestor Knut Reiersrud, me vil møte dei unge damene i ULD, me vil møte den nye duoen Suigard med Sunniva Langås-Røiland og Vegar Hosarøygard, me vil møte Andrea Søgnen og langeleiken hennar, me vil møte gjengen i Folkemusikk fordjuping som viser seg fram med song, dans og spel, me vil møte Byting i eit akustisk trio-format med Per Anders Buen Garnås som gjest, me vil møte Gill Landry som kjem heilt frå Amerika, me vil møte Tone Steinstad som vil framføre eit knippe utvalde folkeviser med familiekomp i ryggen – og sist men absolutt ikkje minst: me vil møte Spelemannslaget Bøheringen og Bø dansarring som avsluttar kalaset.

Knut Reiersrud vil formelt opne årets festival, medan skodespelar Hadle Reisæter vil leie oss gjennom konserten med stødig hand!

Velkomen til ei nydeleg konfekteske av ein konsert!

Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Notodden Events in Your Inbox