Event

Gjenbruksmarknad Mostrahuset

Advertisement

Me inviterer til gjenbruksmarknad på Mostrahuset <3

Fredag 16. august kl. 11–16 blir parkeringsplassen vår til ein fargerik marknadsplass, full av skattar som ventar på nye heimar.

Me slår eit slag for gjenbruk, for ting som fortener ein ny sjanse, og for folk som likar å gjera smarte, fine og berekraftige kupp! ♻️💛
Har du noko fint du ikkje brukar lenger? Ta med deg sakene dine og bli med som seljar.
Det kostar 200 kr, og me har bord du kan låna.

Vil du komma og sjå & leita etter nye skattar? Det blir mykje kjekt å finne, og kanskje ein kopp kaffi og ein god prat også. ☕💛

📩 Send oss ein melding på Messenger for å melda deg på som seljar. Første mann til mølla!

Varmt velkommen, me gler oss! Håpar du kjem <3



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Ølen-NO Events in Your Inbox