Event

Afrobass på Stødt Bar & Scene

Advertisement

Jazzklubben Volda ØRSTA har gleda av å ynskje velkomen til konsert på Stødt Bar & Scene, i samarbeid med Musikk i sentrum.

Til denne andre konserten i haustprogrammet får vi besøk av ingen ringare enn Afrobass, som er tittelen på det siste prosjektet til bassist og komponist Lars Martin Vik. Ivrige jazzklubbarar vil kjenne han igjen frå konserten vår med Vegard Holum sitt Chet Baker-prosjekt før i vår. No er det Lars Martin som inviterer Vegard med til Afrobass, der han også sper han på med det som må kallast eit stjernelag av musikarar.

Saman står dei for eit heilt nytt uttrykk, der ein blandar ørkenblues, jazz, afrobeat, soulmusikk og vestafrikansk dodo (munnharpe) saman til ei herleg boblande gryte. Dei fleste medlemmane har ei tilknytning til Møre og Romsdal, utanom den Ivorianske multiinstrumentalisten Kouambe Sereba, og rytmetoget, trønderen og ex- Motorpsychoen Kenneth Kapstad.

Dette blir spanande, kult, fint og gøy. Ta turen!

Lars Martin Vik- bass
Kenneth Kapstad- trommer
Hedvig Mollestad- gitar
Kouame Sereba- dodo, kalimba, vokal m.m
Vegard Holum, trompet, perkusjon, vokal
Elisabeth Lid trøen, saksofon.
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Volda Events in Your Inbox