Event

Klangbein

Advertisement

Klangbein er ei av Noreg sine mest spelte konsertframsyningar for barn og handlar om to gode vener. Musikarane Ole Jørn Myklebust og Morten Barrikmo brukar musikk og mimikk på ein leiken og treffsikker måte, og tek publikum med på ei musikalsk, emosjonell og ikkje minst morosam reise gjennom stemningar og kvardagssituasjonar barna lett kan kjenne seg att i.
Misforståingar oppstår når kommunikasjonen mellom dei to sviktar, og stemninga tilspissar seg. Er vennskapet sterkt nok til å vinne til slutt?

Takk vere støtte frå Sparebanken Møre så er konserten gratis for born!
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Stryn Events in Your Inbox