Event

Norsk politi og Holocaust

Advertisement

At norske politifolk registrerte og arresterte hundrevis av jødar har blitt erkjent som eit svært mørkt kapittel i norsk historie. Men korleis enda norske politifolk opp i denne rolla? Kunne det vore unngått?

Kva valmogelegheiter hadde politifolk under sjølve aksjonane, og korleis utnytta dei desse? Og til sist – korleis kan me forstå at det ikkje kom til noko generaloppgjer med politiet si rolle i forfølgingane av jødane etter krigen? Dette er spørsmål forfattar Øystein Hetland vil ta opp i dette sundagsføredraget.

Øystein Hetland jobba i mange år på HL-senteret, der han blant anna skreiv doktorgrad om det norske politiet. Han kjem i haust ut med boka Ei forbanna plikt – norsk politi 1940-1945.

Velkommen!

FOTO: SS-leder Heinrich Himmler (foran) sendte hundrevis av norske politifolk på «omskoleringsleir» i Tyskland. Her inspiserer han norsk politi på Fornebu i 1941. Reichskommissar Josef Terboven og NS-fører Vidkun Quisling går litt bak. FOTO: RIKSARKIVET



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Oslo-NO Events in Your Inbox