A WOMAN`S PLACE - Foredrag ved Inge Kjell Holme
Advertisement
FOREDRAG I FORTUN GRENDAHUS: Tindesportens far i Norge William Cecil Slingsby var ein velkjend brukar av fjellområda rundt Turtagrø og gjest i bygdene Skjolden, Fortun og Jostedalen. Gjennom mange år knytte han nære relasjonar til fjell – og breførarane Ola Berge, Ole Øiene ,Torgeir Sulheim, Joannes Vigdal og Anfinn Vetti. Med førstebestigninga av Store Skagastølstind i 1876 skreiv Slingsby seg for alltid inn i klatrehistoria Norge. Slingsby var i Norge heile 22 gonger og hadde ei serie førstebestigningar etter turen på Storen.
Den «ukjende» Slingsby. Ei meir ukjend side ved Slingsby var også at han var progressiv i forhold til å invitera kvinner inn i Tindesporten. I samtida vart kvinner møtt med skepsis og motstand når dei prøvde seg på Tindebestigningane. Det galdt både i heimlandet til Slingsby, England, og i Noreg. I foredraget «Kvinnepioneren Slingsby « fortel journalist Inge Kjell Holme om denne meir ukjende , men viktige sida ved Slingsby. Holme dreg også linjer heilt fram til notid der den likestilte kvinnerolla på nytt vert sett under press. Foredraget er visuelt og inneheld mykje bilete og noko film.