Event

Gjennom smerten - temakveld

Advertisement

Elisabeth Fosse kjem og fortel korleis ho gjennom sorg og smerte har fått erfara ein stor og mektig Gud som er med midt i smerten. Og korleis lyset er sterkare enn mørket.

Hennar forteljing bær med seg sorga over ein bror som døyr som barn, ein far som vert sjuk og døyr medan Elisabeth er ung vaksen og tapet av ei søster, svoger og ei niese i ei trafikkulykke i 2005. Den handlar og om å ha eit kreftsjukt barn og om korleis det var å adoptera søstera sine to barn som og var med i tafikkulykka. Men historia handlar og om korleis Elisabeth har funnet styrke gjennom trua si - og korleis ho har erfart at Gud er med gjennom smerten.

Elisabeth Fosse er oppvaksen på Varhaug. Ho er gift med Svein, har fem barn og bur no på Undheim.

-----------------------

Det vil væra servering av kaffi, te og litt attåt - og me vil ha god tid til drøs med kvarandre.



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Varhaug Events in Your Inbox