Event

Opning av sommarutstillinga

Advertisement

Velkommen til Bø museum og opning av utstillinga laurdag 28. juni 2025 kl 13.00.

Program:
Velkommen ved dagleg leiar Cecilie Authen
Betraktningar om folkedrakt og bunad i Bø museum sine samlingar ved Terje Lia
Inngang 100 kr inkludert kaffi og kaker.

Bø museum har faste utstillingar og særleg har folkedrakt og folkemusikk vore viktig innsamlings- og satsingsområde sidan skipinga av museet i 1977. Bunadbruk vart UNESCO-listeført hausten 2024.
Årets utstilling er eit resultat av fleire tiår med innsamling og formidlar folkedrakt, bunad og moderne tekstilkunst breitt frå eigne samlingar. I tillegg blir det vist fleire moderne tekstilkunstverk frå kunstnaren Eli Nordbø (1946-2023).

Utstillinga passar for alle aldersgrupper og er tilrettelagt for rullande hjelpemiddel. Utstillinga blir vist ved Bø museum i perioden 28.06. – 27.07., tysdag - søndag kl 12-17. Bø museum ønskjer å takke svært mange frivillige og andre som har bidratt til utstilling og andre tiltak på museumsområdet for sesongen 2025:
Midt Telemark kommune
Kulturminnefondet
Roheim sag
Hellestad sandtak
Hasås avd. Telemarksbruket
Sparebankstiftinga Bø




Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Notodden Events in Your Inbox