Event

Småkurs på Hilme 25

Advertisement

I år prøver vi ein ny vri på nokon av kursa våre: Småkurs! Her kan du kan bygge opp di eiga kursrekke. Dei ulike småkursa som går føre seg onsdag til fredag på Valdres folkemuseum er avlsuttande kvar dag, slik at du velje å vere med ein, to eller tre dagar, og sjølv plukke deg ut dei kursa du ynskjer.

SMÅKURS 2025:

Dans på 1, 2, 3: (Valdresspringar, gamaldans og pols) med Erland Voldhaug Andersen, Ragnhild Kolsrud og Martin Myhr

Folkesong med Synnøve Brøndbo Plassen

Hardingfele med Lars Erik Øygarden

Langeleik med Marit Steinsrud

Seljefløyte med Silje Hegg

Fele med John Ole Morken

I tillegg til desse småkursa blir det også eit langkurs i Valdresspringar, det blir stølseventyr på Olestølen med kurs i lokking, og det blir eit seminar om dansen og musikken rundt Filefjell. Det blir med andre ord ei mangfaldig kurspakke med noko for ein kvar smak.

Meir utfyllande informasjon finn du nettsidene våre.

Velkomne til Valdres, festival, dans, konsertar og kurs!
📸 Cathrine Dokken
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Lillehammer Events in Your Inbox