Event

Tobias Sten

Advertisement

Tobias Sten frå Stord har pusta countrymusikk sidan han var liten og starta sitt eige countryband allereie som 12-åring – og har opptrådd sidan. Tobias lenar seg mot singer-songwritersida av countrymusikken og hentar inspirasjon frå Zach Bryan, Jason Isbell og Watchhouse. Dette blir ein kjekk småbord-konsert i november-mørket. Ta med ein gjeng og kom!

Med sine personlege tekstar om oppvekst på bygda og si sterke formidlingsevne er Tobias eit friskt pust i norsk musikk som gir den nye generasjonen ei stemme på stordamål i countrymusikken. Han har allereie markert seg som ein artist å følge, og mange ser fram til kva han vil bringe til country-musikkens verd i åra som kjem.

NB!
Ver merksam på aldersgrenser ved billettkjøpet ditt:
Nede med "småbord" blir det aldersgrense 18 år, på grunn av alkoholservering, inngang kun nede.
Yngre tilhengarar MÅ kjøpe sine billettar i "Fremre amfi" som betyr inngangsdøra oppe på same etasje som Thon resepsjon, og med nummererte plassar på tre rader i amfi/galleri.
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Aalesund Events in Your Inbox