Event

Tuva Halse Quintet

Advertisement

Med fengslande stemning og gripande samspel drar Tuva Halse Quintet deg inn i sitt lyriske univers frå første tone.
Kvintetten består av fem unge musikarar som dei siste åra verkeleg har markert seg på den norske jazzscena.

Tuva Halse – fiolin, komposisjonar
Oscar Andreas Haug – trompet
Benjamín Gísli Einarsson – piano
Gard Kronborg – bass
Øystein Aarnes Vik – trommer

Debutalbumet “Two” (Jazzland Recordings) fekk strålande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt då det kom ut hausten 2023.
Med røter i nordisk jazz hentar kvintetten inspirasjon frå musikarar som Kenny Wheeler, Adam Baldych og Mathias Eick, samtidig som ein tydeleg høyrer impulsar frå både folkemusikk og klassisk musikk.

Musikken tar utgangspunkt i komposisjonane til fiolinist Tuva Halse, som i si melodiøse form vekslar mellom det melankolske og sentimentale til det intense og insisterande. Resultatet er eit særeige og ekspressivt uttrykk i eit kontrastfylt univers.

Foto: Amanda Iversen

SPONSORAR:
Hustadvika kommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Sparebanken Møre
Varig Forsikring
Salmon Evolution
Fræna Begravelsesbyrå Hustadvika
Classic Norway Hotels
Vågøy og Myrbostad Sokneråd
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Molde Events in Your Inbox