Event

Seinsommarfest 2025!

Advertisement

Seinsommarfest 2025! ☀️🎶🎉
Datoen er satt, og planlegginga av årets Seinsommarfest er godt i gang!
Fredagskvelden blir det tradisjonen tru Fredagsquiz i teltet, og musikk og god stemning utover kvelden. 🎤🎵
Laurdag brakar det laust med Barnefestival, med mykje moro for store og små. 🎪🎈
Det er friluftslivets år i 2025, og det skal vi sjølvsagt markere. I samarbeid med Hareid kommune inviterer vi til eit turmagisk foredrag med Alexander Read. 🌿🏕️
Alexander er kjend som «Daddy» frå TV2-seriane «Mina og meg», samt for sitt samfunnsengasjement som friluftsrettleiar, ekspedisjonsfarar og formidlar av korte og lange turar i norsk natur.
Lokale speidargrupper vil også vere med på markeringa av friluftslivets år, og etter foredraget blir Alexander med ut i parken og kjem med turtips ilag med speidarane. 🌲🎒
Barnefestivalen fortsett utover ettermiddagen med speidarcamp, klovnar, hoppeslott, sceneshow og fleire ting som er under planlegging. 🤹‍♂️🏰✨
Laurdagskvelden blir det Trippelkonsert, og Loveshack, Sunnmøre Baarelag og Adrians'katt er booka! 🎸🔥 🎶🎤
Søndag blir det UKM-festival med sceneshow og kunstutstilling, der ungdomane får vist fram talentet sitt. 🎭🎨
Meir informasjon kjem etterkvart, så følg med! 📢👀

Foreløpig program:

Fredag 08.08.25

17.00. Opning av festivalen
17.00. Cars & Coffee
17.30. Politikardebatt
20.00. Fredagsquiz

Musikk og god stemning utover kvelden


Laurdag 09.08.25 BARNEFESTIVAL

11.00-16.00 Mykje kjekt for små og store.

11.00. «Jakten på turmagien”, ved Alexander Read frå “Mina og meg».

Speidarane

Bjørnis

Blålyshow

Eliasbåten

Hareid Sanitetslag

Klovnar, hoppeslott, ansiktsmaling

15.00. Sceneshow

KONSERT

20.00-02.00. Trippelkonsert med Loveshack, Sunnmøre Baarelag og Adrians'katt.


Søndag 10.08.25 UKM - FESTIVAL

16.00. Kunstutstilling
18.00. Sceneshow
20.00. Afterparty





Med atterhald om endringar.



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Aalesund Events in Your Inbox