babykonsert – Magnar Åm improviserar med og for barn 0-2 år
Advertisement
I samband med tonehimmel-festivalen 2025 inviterer vi til gratis babykonsert med komponist og pianist Magnar Åm. Her improviserer Magnar for og med dei minste ved sitt eige flygel - ei sansefylt oppleving for babyar og barn under 2 år i fylgje med vaksen.
Tonehimmel ønskjer at musikk skapt i vår eiga tid og musikken som ein fri stad til å utrykke seg skal vere tilgjengeleg for alle også dei minste. Konserten er heime hos Magnar og Liv Åm og ein kan sitje i sofaen, på ein stol eller ligge på madrassar på golvet under konserten.
Her kan ein kome for å lytte, men barna og foreldra kan også saman få improvisere på piano i samspel med Magnar om dei vil.
Konserten varer i ca. 30 min. og er gratis for både barn og foreldre.
Magnar Åm er ein komponist som både frå notearket, tangentane og dirigentpodiet har delt av sin enorme kjærleik til musikken og den livgjevande krafta musikken har gjennom heile sin lange karriere. Magnar er medstiftar av tonehimmel, festivalens beste ven og kunstnarlege leiar. Intuitiv improvisasjon er blitt eit av Magnar sine kjennemerke ved pianoet, og dette er langt ifrå første gong Magnar lagar musikk for og med dei minste.
Er du i permisjon, eller heime med små barn på anna vis, ta turen. Her er det rom for alle!