Event

Jubileumsfeiring - Stranda Turlag 40 år!

Advertisement

I sjølvaste Friluftslivets år vert Stranda Turlag 40 år!
Og dette skal sjølvsagt feirast med jubileumsmarkering på Storfjord Kulturhus.

Vi får besøk av Cecilie Skog, med foredraget “Cecilies verden”
Her får du bli med på mange spennande turar! Vi skal til Polhavet, frå kysten av Canada, over havisen mot Nordpolen. Ho tek deg også med på ein lang skitur gjennom det store isaude Antarktis, over Sydpolen, då ho kryssa kontinentet frå kyst til kyst, frå noember 2009 til januar 2010. På slutten av denne turen kunne ho gå ned den mektige Axel Heibergbreen, og ut på havisen, nesten 100 år etter at Amundsen gjekk opp same veg.
Dette er eit foredrag om turglede, meistringskjensle, meninga med livet, og om det å følgje draumane sine.

Gratis inngang – takka vere gode sponsorar og midler frå eiga «jubileumskasse».

Kom og bli med ut!




Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Stryn Events in Your Inbox