Event

Skeiv valdebatt 2025: om skeive sine liv og rettar

Advertisement

I 2025 er det stortingsval og sjeldan har skeive sine liv og rettar vore under sterkare angrep både i Noreg og internasjonalt.

Inspirert av MAGA-Trump fører enkelte krefter “debatten” om våre skeive liv inn i meiningsløyse spor om flagg og kva pride (ikkje) er. Dette er ei tydeleg avsporing av diskusjonen om faktiske tiltak for å betre skeive sine rettar, liv og levekår.

Derfor inviterer vi til ein debatt, forhåpentlegvis fri for avsporingar. Tvert imot vil vi gi partia høve til å svare på korleis dei vil arbeide for å sikre skeive dei rettane vi framleis står utan viss dei vinn stortingsvalet til hausten. Og, kva er dei (ikkje) villig til å forhandle på i eventuelle koalisjons-samarbeid?

Korleis vil dei arbeide for ein tredje juridisk kjønnskategori? Korleis skal dei trygge eit verdig desentralisert behandlingstilbod for transpersonar?

Kva tenkjer partia om transpersonar og bifile kvinner, som er spesielt marginaliserte jamfør levekårsstatistikkar i Noreg? Har dei forslag til tiltak?

Statistikken fortel oss dessutan at skeive barn og unge har mindre framtidstru, mobbast meir og deltek mindre i idretten. Difor spør vi kva partia planlegg å gjere for å ivareta det som er framtida vår, skeive barn og unge, om dei vinn valet?

Dette er nokre av spørsmåla som blir stilt når FRI, Skeiv Verden, Skeiv Ungdom, PKI og Skeive Funkiser går saman og inviterer til debatt under Oslo Pride 2025.

Målet med debatten er at skeive, og venner av skeive, våre medlemmar og andre ved stortingsvalet til hausten, kan gi sine stemmar og vere trygge på at ein har gjort et val som ivaretek skeive liv og levekår best mogleg når stemmene er talt opp og resultatet etter stortingsvalet er klart i September.

-- Bekreftede deltakere/partier:
MDG Arild Hermstad, leder
Rødt Marie Sneve Martinussen, leder
SV Kirsti Bergstø, leder
AP Tonje Brenna, nestleder
Høyre Henrik Asheim, nestleder
SP Synne Lerhol, 1. kandidat fra Oslo
V Grunde Almeland, 2. kandidat fra Oslo.
FrP Simen Velle, 2. kandidat fra Oslo
KrF Clemet Størksen, 3. kandidat fra Oslo
// Valg 2025: Partilederdebatt under Oslo Pride, om skeives liv og rettigheter //

Dato: Tirsdag 24. juni.
Sted: Det norske teateret.
Tid: Dørene åpner 16:30, debatten varer 17-18.

Arrangører: FRI, Skeiv Verden Skeiv Ungdom, PKI - Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens og Skeive Funkiser.

Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Oslo-NO Events in Your Inbox