Event

Pustens liturgi, tonehimmel 2025

Advertisement

Pustens liturgi er eit samarbeid mellom performancekunstnar og kyrkjemusikar Liv Kristin Holmberg og komponist og stemmekunstnar Ruth Wilhelmine Meyer.

Konsertframsyninga tek ansats frå ein eldgamal struktur i kulturen vår, liturgien, og undersøkjer moglegheita for å belyse, revurdere, åpne opp dette strukturerande skjemaet. Pustens Liturgi er eitt av fleire ledd i Holmbergs overordna, mangeårige utforskande prosjekt "Kunstliturgien – om kunstens grenser" – ei undersøking av kyrkjerommet sitt potensial som kunstarena og ei utprøving av kunsten sine grenser og stadsendrande kraft i kyrkjerommet som offentleg rom.

Pustens Liturgi har nyskriven liturgisk musikk av komponist Ruth Wilhelmine Meyer.

Medivirkande i konserten er også Vokalspelet, bandoneonist Øyvind Skatvedt Robak og ein rekke lokale hjelparar.

Pubikum har bind for auga under konserten. Dette skjerper dei andre sansane.

Det er begrenset antal plasser og ein må kjøpe billett på førehand seinast innan kl. 18.00 same dag. Dette gjeld også for deg som har festivalpass.


Billettar:
Vaksen: 350,-
Festivalpassbillett: 10,-
Alle under 20 år: gratis
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Volda Events in Your Inbox