Event

Stein Torleif Bjella – Live 2025 // Storstova

Advertisement

Etter ein eventyrleg suksess i Hver gang vi møtes, har Stein Torleif Bjella og hans makelause band fylt kulturhus og spelestader over heile landet og turneen held fram langt inn i hausten 2025.

Vinterens turné har vore ein braksuksess, og publikum og kritikarar har vore samstemte i si begeistring – det siste halvåret har rett og slett vore ein skikkeleg opptur for visekunstnaren frå Ål.

På denne turneen har både trufaste, og splitter nye fans fått oppleve ei ny side av Bjella. Konsertane byr nemleg på både klassikarar og nytolkingar av eigne og andre sine låtar, noko som løftar det musikalske universet hans til nye høgder. Som alltid kombinerer Bjella det ettertenksame med det hjartevarme – konsertane treff både hjarterota og dansefoten. Og ja, tradisjonen tru loddar han ut ei fruktkorg på kvar einaste spelestad.

Med seg på vegen har Bjella sitt faste og dyktige band med Geir Sundstøl (gitar), Eirik Øien (bass), Kenneth Kapstad (trommer) og David Wallumrød (tangentar). Saman sørger dei for ei uforgløymeleg konsertoppleving.

Stein Torleif Bjella – Live 2025 lovar fleire konsertar, fleire historier og fleire fruktkorger. Dette vil du ikkje gå glipp av!
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Bryne Events in Your Inbox