Event

Psykolog med sovepose

Advertisement

Johanne Refseth: Naturen som lykkepille

Johanne Refseth er psykologen som kurerte si eiga kjærleikssorg ved å bli ein utesovande friluftselskar med hang til kaffibål og mosegrodde skogar. Etter denne opplevinga byrja ho å leite etter fakta bak magien: Kvifor blei livets nedturar enklare når dei blei serverte med novemberskog og fiskestang? Kva seier forskinga og korleis lenkar dette til kvardagsproblema våre?

I dette foredraget fortel Refseth om psykologien bak det å vere menneske. Om kvifor kjensler blir til magesmerter, hovudverk og konsentrasjonsproblem. Om korleis vi deretter byrjar å unngå det går føre seg inni oss. Om korleis informasjonen frå psykologiforskainga byrja å gje meining sett med uteelskaren sine auge. Fordi naturen har ein reparerande effekt på oss som går djupare enn berre til redusert angstnivå og positive kjensler: Det er her vi høyrer heime.
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Sunndal Events in Your Inbox