Event

Trygg i havet 2025

Advertisement

Denne aktivitetsdagen er for symjedyktige barn i alderen 8-12 år med forelder/føresett eller anna vaksenperson.
Me startar med kurs inne på Friluftshuset. Instruktør frå Delfinen svømmeskole fortel om det fantastiske havet og vi lærer om noko av alt det fantastiske som lever i havet. Du får læra om straumar, bølger og korleis ein reddar seg sjølv og andre dersom uhellet er ute.
Etter føredraget inne, tar vi på våtdrakter og fortset kurset på stranda og i bølgene i havet. Barna får låna våtdrakter, sokkar og hanskar og får kyndig hjelp av medarbeidararane i Delfinen svømmeskole. Alle vaksne kan også få låna våtdrakt og vera med uti, dersom dei ønsker det. Dette er gøy og lærerikt for liten og stor!
Arrangementet er gratis.
Påmelding her https://www.jarenfri.no/vare-aktiviteter/trygg-i-havet-kurs-2025 innan 22. mai. (Få ledige plassar)
Kafèen på Friluftshuset er open 11-16. Vi sel lappar, pizzasnurrar, is, kald og varm drikke. Medbrakt nistepakke er lov.
Velkommen!


Foto: Astrid Harbo Se mindre



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Kleppe Events in Your Inbox