Event

Bandvev med Eli og Sigrunn og open smie

Advertisement

I dag er Sigrunn Lie Brattekås og Eli Vesaas tilbake i husmannsstoga i Eidsborg. Dei tar opp trådane frå torsdag og vil vise publikum korleis dei vev bunadsband til Vest-Telemarkbunad.

Sigrunn Lie Brattekås har skrive flere bøker med handverk som tema, og har dei siste åra interessert seg særlig for plukkebanda i Telemark. Saman med Eli Vesaas har ho laga ei vevbok der du får opplæring i plukkeband på grind og bandstøre og ei innføring i historie og tradisjon kring desse banda. I dag kan du møte duoen bak boka.

Steinar Mandt skal varme opp smia som ligg rett ved sida av husmannsstoga.



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Notodden Events in Your Inbox