Musikk ved Ola Tennes og open mikrofon i Løa
Advertisement
Musikk ved Ola Tennes og open mikrofon i Løa
Bli med på ein kjekk sommarkveld i Løa med musikk ved Ola Tennes. Ola er visesongar med base på Sandane, og kjem til Løa i Klokkargarden for å spele og synge for oss. Mikrofonen er open for deg òg!
Ola Tennes debuterte som soloartist med melodiøse og poetiske viser i 2018 – og sidan den gongen har han spelt på svaberg, i gapahukar og kaféar, på lekterar, årsmøter, demonstrasjonar, konferansar og kneiper både i aust og vest. Når han kjem til Dale har han allereie gjeve ut tre ferske singlar og ein EP gjennom våren og forsommaren! Følg med på strøymetenestene.
Ola ønskjer å kome tett på publikum for å formidle dei undrande tekstane sine og dei leikne melodiane. Tekstane inneheld både humor og alvor, røyndom og draumar. Rettnok ein jovial melankoli! Musikken som har forma han, kan vere alt frå Cornelis Vreeswijk og Håkan Hellström til DumDum Boys og Tom Petty. Og om kvelden er varm, spelar han jammen nokre coverfavorittar òg!
Baren er open. Aldersgrense 18 år.
Advertisement