Event

Antti Paalanen / Besh o droM

Advertisement

To eksplosive band som blandar tradisjon og trøkk – frå finsk strupesong til balkanske rytmar. Dette blir ein kveld du kjenner i kroppen!

Antti Paalanen, kjend som den galne trekkspelaren frå Finland, tek scena med ei eksplosiv blanding av tradisjonell finsk folkemusikk, elektroniske danserytmar og rå sibirsk strupesong.
Paalanen trampar, brummar og skrik seg gjennom eit lydbilde du kjenner rytmen av heilt inn i margen.

Besh o droM er inspirerte av gamle melodiar frå Ungarn og Balkan, sigøynarsongar og songar frå Midtausten. Dei fyller på med trad folk roots, ville jazz-improvisasjonar og musikalske raritetar som dukkar opp i kvardagen.
Besh o droM er ein ekstatisk miks av sjangerfrie rytmar, melodiøse tonar, instrumental virtuositet – og er rekna som garantistar for eit livleg dansande publikum.

Dørene opnar kl. 21.30
Velkomne!


Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Førde Events in Your Inbox