Event

Odd Nordstoga - Spelemann // Gamlekinoen

Advertisement

Spelemann Odd Nordstoga er attende.

Etter to år «Langt heimafrå» med Ingebjørg Bratland og med den ganske ferske boka Spelemann i bakspegelen er Odd Nordstoga attende på scena for ein soloturné i 2025. Boka Spelemann, som kom ut til strålande kritikkar hausten 2024, tok for seg det som har forma musikaren Odd og songane hans.

På denne konserten er det songane sjølv som skal få merksemda. Nye og gamle, melankolske og glade. Men ei og anna historie frå boka kjem også til å få vera med å setje farge på kvelden.

Odd Nordstoga, aleine på scena med trekkspelet, gitaren og sine musikalske forteljingar. Vel møtt!
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Voss-HO Events in Your Inbox