Event

Fjellkonferansen 2025

Advertisement

Bli med på Fjellkonferansen 2025

21.-22. august møtast me i Hemsedal.

Sikre deg ein plass på årets viktigaste møteplass for alle som er oppteken av fjellområda.
Program: https://fjellnettverket.no/om-fjellnettverket/moteplassar/fjellkonferansen/program-fjellkonferansen-2025.208955.aspx

Påmelding: https://www.trippus.se/web/registration/Registration.aspx?view=registration&idcategory=AB0ILBACLN3GXAJ2kah4D9sCV-sXce5xvjKMI0i_iYs40NzwIHsbvcoyGigwpGGaqHXzk5XCoSbF&ln=no

Fjellnettverket inviterer til to inspirerande dagar i fjellbygda Hemsedal, der vi set søkelyset på tryggleik, beredskap, næringsutvikling og framtidsutsikter for fjellkommunane. Konferansen er ein viktig møteplass for alle som vil bidra til levande og berekraftige fjellområde – frå politikk og forvaltning til næringsliv og organisasjonar.

Bli med 21.-22. august til Hemsedal!

På Fjellkonferansen 2025 vil du få høyre om:

• Beredskap og tryggleik i fjellområda
Kor godt førebudd er vi på kriser og uventa hendingar? Vi ser på sivilt og militært samarbeid, sjølvforsyning og samfunnstryggleik.
• Digital sårbarheit og kommunikasjon
Korleis styrkar vi beredskapen i ei digital tid? Vi får innsikt frå leiande fagfolk innan teknologi og krisekommunikasjon.
• Matberedskap og forsyning i usikre tider
Kva rolle spelar fjellbygdene i framtidas matsystem?
• Næringsliv og sentrumsutvikling
Vi besøker Hemsedal og får høyre om utviklinga av verdas største afterski-arena, KI-labben og lokalmat som drivkraft.
• Framtidsutsikter for fjellbygdene
Korleis ser framtida ut for befolkning, arbeidsplassar og gründerliv i fjellkommunane?
• Bu- og blilyst
Korleis skapar vi attraktive lokalsamfunn og tiltrekker nye innbyggjarar? Vi får høyre frå prosjekt i Hallingdal, Skjåk og lansering av ny forsking om kvifor folk flyttar til fjells





Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Lillehammer Events in Your Inbox