Event

Hagefest på slottet

Advertisement

Velkomen til hagefest på slottet på Horvei og offisiell opning av Kutlruarvfestivalen i Indre Vestland, med markeringar under dei årlege Kulturverndagane i regi av Kulturvernforbundet. Noregs største historie og kulturarvfestival.

Det er ikkje berre i Oslo dei har slott, men i sjølvaste Vossabygda og nede på Bolstad finn du den vakre og rikt utsmykka heimen til forfattar Knut Horvei, teikna av Magnus Dagestad.

Det er ei stor gleda for oss at me i år, under 5 års markeringa for felles tilskipingar under Kulturminnedagane no, Kulturverndagane
Kan opna festivalen med hagefest på slottet.

Kong Einar og dronning May Britt ynskjer små og store prinsar og prinsesser velkomen til hagefest og omvising i slottet. Ta gjerne på diadem og kruner og ta turen til Horvei.

Det vert
Enkel servering
Musikalske innslag
Omvising i slottet.

Tilskipinga er gratis for alle og eit samarbeid med Voss Kunst og Kultur og Folkeakademiet Voss

For å legge best mogleg tilrette for parkering ynskjer me bindande påmelding til dm9zc2t1bnN0b2drdWx0dXIgfCBnbWFpbCAhIGNvbQ== innan 25. august.

Om det er mange nok påmelde vert det sett opp buss frå Voss og transport frå Bolstad stasjon til Horvei t/r




Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Voss-HO Events in Your Inbox