Event

Jørn Hilme-stemnet 2025

Advertisement

Jørn Hilme-stemnet 2025 går føre seg frå 6.–13. juli. Vi lovar ei intens festivalveke fylt til randen av konsertar, kappleik, kurs, seminar, dans og fest. Hovudtyngda av festivalen går føre seg i Fagernes og på Valdres folkemuseum, med enkeltkonsertar rundt om i Valdres.

I sommar kan drøyme deg bort i Stein Torlef Bjella sitt musikalske univers. Bjella og Tvangsgutan kompani spelar konsert på Jaslangen, og vi gler oss stort til denne magiske kveldsstunda!

Fredag og laurdag blir det sumarkveldar på Valdres folkemuseum. Der blir det skikkeleg festivalstemning med god mat, ei mengd konsertar og ikkje minst dugande dansespel på fleire golv! Vi riggar til med sitteplassar under tak, så du treng ikkje uroe deg for dårleg vêr. Blant artistane vi kan høyre her er: Sigrid Moldestad Trio, Susanne Lundeng og dei unge stjerneskota i gruppa HEKATE.

Fleire artistar blir offentleggjorde framover, så følg med!

For informasjon om billettar, overnatting og meir, sjå nettsidene: www.hilme.no

Velkomne til gode festivaldagar i Valdres!

Foto: Eva Karlsson

Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Lillehammer Events in Your Inbox