Event

Kurs i skifertekking på Evanger, Voss

Advertisement

VKA vil gjennomføra eit kurs i skifertekking på Evanger prestegard på Voss 29. - 31.08.2025.

Tekking med ulike typar skifer har lange tradisjonar i Voss- og Hardangerregionen. Du kan her læra tradisjonell skifertekking av ein erfaren instruktør. Kurset vil ha med teori om ulike måtar å leggje skifer på og praktisk tekking på eit tradisjonelt hus.

Det er ein fordel om kursdeltakarane har handverksbakgrunn, men kurset er også ope for andre med interesse for å læra skifertekking.

Kurset går frå fredag 29.08 til søndag 31.08.2025. Det er eit kurs på 22 timar.

Fredag 29.08. 09:00 - 17:00
Stad: Skulstadmoen, Voss
1. Gjennomgang av teori, ulike prøvetak og ulike typar skifer brukt til tekking

Lunsj

2. Førebuing og start skifertekking

Laurdag 30.08 09:00 - 16:00
Stad: Evanger
Tekking.

Søndag 31.08 09:00 - 16:00
Stad: Evanger
Tekking

Instruktør: Byggmeister Olav Langesæter

Pris: kr 3 000

De får mat og drikke under kurset.

Påmelding

Send følgjande:
Namn, adresse, mobilnummer, epost og fødselsår til cG9zdCB8IGt1bHR1cmFrYWRlbWkgISBubw==

Skriv i påmeldinga om du har handverksbakgrunn og/eller erfaring med tekking.

Spørsmål om kurset kan rettast til:

Atle Ove Martinussen
cG9zdCB8IGt1bHR1cmFrYWRlbWkgISBubw==
004790368990

Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon




Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Voss-HO Events in Your Inbox