Event

Darling West: Lights – Juleturné 2025 // Ørsta kulturhus

Advertisement

DARLING WEST – JULETURNÈ 2025 - billettsalet startar 27.mars kl. 10!

Heilt sidan Darling West gjorde julekonserten «Kvelden før kvelden» på NRK i 2022, og med det kom strøymande inn i tusenvis av folk sine heimar, har konserten blitt omtala som både fantastisk og legendarisk. Med seg på scena hadde dei gjestar som Dagny, Odd Nordstoga, Sivert Høyem og Jarle Bernhoft, og konserten har blitt sett om igjen av sjåarane kvart eineste år. Darling West er kjent for si evne til å begeistre, og ikkje minst sine fantastiske folk- og poplåter som stadig blir omfavna av fans, konsertgjengarar og media. Med julekonserten viste dei også at dei har evna til å bringe fram noke særeigent, engasjerande og vakkert med sine tolkingar av dei tradisjonelle julesongane. I 2023 ga dei ut sitt første julealbum «Lights», som fekk strålande mottaking frå publikum og anmeldarar. No legg dei ut på sin aller første juleturné, der du kan oppleve desse låtene formidla med varme, sjarm og nærheit. Om du ønskjer å finne roa inn mot høgtida, bør du ikkje gå glipp av denne kvelden. Ein julekonsert med Darling West vil gje deg både julestemning, harmonisang og instrumentale godbitar frå øverste hylle.

Velkomen på konsert!
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Volda Events in Your Inbox