Event

60 år med rock

Advertisement

«60 år med rock»!
Rockefestival i Ulvik laurdag 4. okt. 2025

Laurdag 4. oktober 2025 brakar det laus i Kongressen på Brakanes hotell i Ulvik med rockefestivalen «60 år med rock».

Då inviterar eg heile bygda, familie, vener, bekjente, noverande og tidlegare kollegaer, og alle som vil, til ope hus og gratis konsertkveld.

Fire kompetente band vil framføra låtar frå det noko snevre musikalske universet eg har hatt glede av å dagleg frekventera i (nesten) 60 år; gitarbasert rock.

Banda som stiller er:

Kl 20.30: Terje Breivik band (heimaspikra politisk rock).
Kl 21.45: Skarpskodde Menn (Status Quo, ZZ Top, Lynyrd Skynyrd mm).
Kl 22.45. Riff Raff (AC/DC).
Kl 23.45. Dum Dum Men (Dum Dum Boys).
I tillegg kjem det ein gjesteartist, kanskje to, eller, kven veit, tre.

Dørene opnar kl 19.30 med konsertstart kl 20.30.

Det vert gode pausar med høve til å sosialisera, møta folk det kanskje er lenge sidan sist ein såg, ta seg ein tur i baren, trekkja frisk luft nede ved fjorden, eller berre nyta at ein er ein del av akkurat dette fellesskapet i kveld.

På dagtid er det torgdag i Ulvik med eit vell av lokale produkt til sals. Det beste bygda kan by på av fast og flytande føde kan nytast og kjøpast med seg heim.

Det vert høve til gratis cruice på fjorden i tidsrommet kl 12.00 - 16.00, med turar som varar ca 45 min. Uderteikna er skippar og guide. Avgang ved kaien til Brakanes hotell. Båten har alle rettar, free of charge, for dei som er i vorspielmodus.

Treng du/de overnatting har Brakanes hotell (www.brakanes-hotel.no) rabbaterte prisar for dei som skal på konserten, og bestiller før 01.08.

Oppgje «ref.nr 500050, terjebreivikbursdag», ved bestilling via tlf.: 56 52 61 05 eller e-post: YnJha2FuZXMgfCBmam9yZHRpbmRob3RlbHMgISBubw==

PS! Vidaresend gjerne arrangementinvitasjonen til venner og bekjente. Dess fleire me vert denne kvelden, dess større vert opplevinga for alle som kjem 🥰 🤘




Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Voss-HO Events in Your Inbox