Event

Springleiken i Ottadalen anno 2025

Advertisement

Hald av datoen laurdag 6. september 2025! Då blir det danseseminar med fokus på springleiken i Ottadalen.

Dette blir ein dag for alle som er interessert i springleik og som ynskjer å lære meir, diskutere, utveksle erfaringar, sjå på arkivklipp og danse mykje. Det blir ein skikkelig nerdedag for alle ivrige springleikdansarar!

Vi vil mellom anna ta for oss spørsmål som:
💃🏼 Kva kjenneteikner springleikdansen i Ottadalen anno 2025?
🕺🏼 Korleis var dansen før i tida og korleis har utviklinga på dansegolvet vore fram til i dag?
💃🏼 Kva er likt og kva skil dansen i dei ulike bygdene, før og no?

🎯 Målgruppe: Du som kan litt om springleik og som ynskjer å lære endå meir.
Dersom du ikkje kan så mykje om springleik anbefalar vi deg å delta på ei øving eller ein dansekveld i Skjåk, Lom eller Vågå i forkant av seminaret. Seminaret er ikkje eit grunnkurs, så det er lurt å ha litt kjennskap til dansen eller musikken frå før.

🎉 Etter seminaret på dagtid inviterer vi til ein sosial kveld med dans og spel der alle er velkomne uavhengig av deltaking på seminaret.

📍 Lokale er ikkje spikra endå, men arrangementet vil finne stad i Vågå eller Lom.

💬 Meir informasjon om lokale, påmelding, timeplan og involverte kjem utover våren.


Arrangementet er eit samarbeid mellom Lom spel- og dansarlag, Vågå spel- og dansarlag og Skjåk spel- og dansarlag.

Støtta av: Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Dombås Events in Your Inbox