Event

Knorrtreff 2025 - 45 års jubileumstreff!

Advertisement

Naustdal mc klubb fyller 45 år! I den anledning vil vi invitere alle mc-venner på Knorrtreff i vårt nye klubbhus😁

Klubbhuset vårt er ein tidlegare skule på 650 m2. Vi har stor tomt med plass til mange telt. 300meter frå klubbhuset ligg nærbutikken vår som er open til kl 23.

Det er i år 45 år sidan klubben vart skipa av ungdomar frå bygda, og mange av desse "ungdomane" er framleis aktive i klubben. Vi skulle etter planen arrangere 40-års jubileum i 2020, men grunna Covid vart dette avlyst. Vi slår difor for på stortromma i år, og markerar 45-års jubileum i nyinnflytta klubbhus og med eit hardrock / Maiden coverband frå swartzwald i Tyskland (Big Mama).😁🤘

Vi håpar at mange tar turen til den vakre vestlandsbygda og vert med på ei uforgløymeleg helg i lag med andre motorsykkelentusiastar og kjekke folk.


Håpar vi sjåast😁



Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Førde Events in Your Inbox