Event

Dagfinn Lyngbø - FOLK

Advertisement

Stand Up Norge presenterer : Dagfinn Lyngbø «Folk»

Folk er høgt oppe mellom tema me snakkar mest om: Kjentfolk, familiefolk, sure folk og stortingsfolk. Mannfolk, kvinnfolk og mediefolk. Og finansfolk, fjellfolk, urfolk, askøyfolk og influensarar. De skjønar greia.

Når ein av landets morosamste standupfolk snakkar om andre folk blir det mykje å le av og kjenna seg igjen i. Denne gongen har Dagfinn med seg ein av sine absolutte favorittfolk, nemlig musiker og besteven Bjarte Jørgensen. For nokon fine folk!

Me gler oss enormt til at folk igjen skal få oppleva eit nytt show med folkekjære Dagfinn.

«Det er så gjenkjennelig at hele salen brøler av latter»
- AFTENPOSTEN

«Dagfinn Lyngbø er fremdeles av norsk humors aller beste komikere»
- NRK

Dagfinn Lyngbø har hatt kjempesuksess med forestillingane «Ka e’ vitsen?» (2005), «Evolusjon» (2008), «Stereo» (2012) , «Supersmud» (2017) og «Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars» (2020), som til samam har selt godt over ein halv million billettar og mottatt ikkje mindre enn åtte Komiprisar, noko som understrekar posisjonen hans som landets mest populære komikar.


Det einaste me veit heilt sikkert er at når Dagfinn lagar show, så kjem det folk!
Get Tickets

Advertisement
Share with someone you care for!

Best of Ølen-NO Events in Your Inbox