Statens vegvesen inviterer alle over 65 år til eit gratis oppfriskingskurs over to dagar. 9. og 10. mars blir det kurs på Hjelmeland. 25 plasser.
Kvar kursdag varer 3,5–4 timar. Kurset er frivillig og ein hyggeleg måte å friske opp kunnskaper om bilkøyring på. Fleire tusen bilførarar har gjennomført kurset, og erfaringane frå deltakarane er svært positive.
Vi går gjennom ulike temaer som vi diskuterer i fellesskap. Du er sjølv med på å bestemme innhaldet i kurset.
Vi tester verken køyreeigenskapene dine eller kva du kan om trafikkregler. Det er ingen eksamen av noko slag, og du risikerer ikkje å miste førerkortet ditt.
Kurset blir på Spinneriet, Hjelmeland. 9. mars kl 10.00-14.00 og 10. mars kl 10.00-14.00. Send inn påmelding ved å bruke påmeldingsskjemaet på nettsida til Hjelmeland frivilligsentral..