

# Event Details

- **Event Name**: Forfatterbesøk: Naustlandet (GRATIS)
- **Event Start and End Date**: Mon, 16 Mar, 2026 at 07:00 pm – Mon, 16 Mar, 2026 at 08:00 pm
- **Event Description**: Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo.

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth bestemte seg for å reise langs heile norskekysten for å finne ut korleis det eigentleg står til med nausta våre, og på vegen fann dei både forfall, håp, og ein overraskande mangfaldig og rik tradisjon.

Nausta står tett på havet og byggeskikken er forma av naturen rundt dei. Nokre naust klorer seg fast på vêrharde nes, andre ligg fredelege som trygge hamner inst i ein fjord. Nokre går i eitt med landskapet, som dei sjøsamiske naustgammene, andre står som små fyrtårn i landskapet til minne om ei anna tid.

Gjennom tekst og bilete dokumenterer dei den utsette og ofte nedproiriterte delen av kulturhistoria vår for ettertida, men vi får òg møte eldsjeler som går føre med gode eksempel på korleis naust kan bergast gjennom restaurering og vern.

Naustlandet er den nyaste i rekkja av bøker som dokumenterer verdfulle bygningstradisjonar i Noreg, etter suksessane Norges låver, Av stein, Klyngetunet og Vestlandshus.

Arrangør: Rogaland Fylkeskommune avdeling for Plan og kulturmiljø i samarbeid med Haugesund Folkebibliotek
- **Event URL**: https://allevents.in/haugesund/forfatterbesøk-naustlandet-gratis/200029771132853
- **Event Categories**: 
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 141

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Haugesund
- **state**: RO
- **country**: Norway
- **location**: Kirkegata 151, Haugesund, Norway Haugesund, Norway
- **lat**: 59.41451
- **long**: 5.27114
- **full address**: Kirkegata 151, Haugesund, Norway Haugesund, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Forfatterbesøk: Naustlandet (GRATIS)
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events8/banners/dbce761a815a3ba441cef7fa9af7f43ba799a699dfb3cd9d55df25e6900fbc71-rimg-w1200-h839-dc645f5c-gmir?v=1773409612

## FAQs

- **Q**: When and where is Forfatterbesøk: Naustlandet (GRATIS) being held?
  - **A:** Forfatterbesøk: Naustlandet (GRATIS) takes place on Mon, 16 Mar, 2026 at 07:00 pm to Mon, 16 Mar, 2026 at 08:00 pm at Kirkegata 151, Haugesund, Norway Haugesund, Norway.
- **Q**: Who is organizing Forfatterbesøk: Naustlandet (GRATIS)?
  - **A:** Forfatterbesøk: Naustlandet (GRATIS) is organized by Haugesund folkebibliotek.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Forfatterbesøk: Naustlandet (GRATIS)",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events8/banners/dbce761a815a3ba441cef7fa9af7f43ba799a699dfb3cd9d55df25e6900fbc71-rimg-w1200-h839-dc645f5c-gmir?v=1773409612",
        "startDate": "2026-03-16",
        "endDate": "2026-03-16",
        "url": "https://allevents.in/haugesund/forfatterbesøk-naustlandet-gratis/200029771132853",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Kirkegata 151, Haugesund, Norway Haugesund, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Kirkegata 151, 5527 Haugesund, Norge",
                "addressLocality": "Haugesund",
                "addressRegion": "RO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "59.41451",
                "longitude": "5.27114"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Haugesund folkebibliotek",
                "url": "https://allevents.in/org/haugesund-folkebibliotek/6347797",
                "description": "Mellom 08.00 og 10.00 på hverdager er biblioteket åpent, men selvbetjent. Lørdager fra 14-16."
            }
        ]
    }
]
```