Me kjenner ho frå tv-programmet Eides språksjov. No har Linda Eide & gjengen gått laiv, og dreg landet rundt med språklege underfundigheiter i sekken.
Kirsten Flagstad-salen
Dato: Torsdag 15. oktober
Tid: Kl. 20:00
---------------
Med seg på scenen har ho pianist Sjur Hjeltnes og seniorkonsulent Halvor Folgerø, som begge sørger for musikalsk og verbal bækking. Kvar ny stad dukkar det også opp ein lokal gjest, som trioen har invitert.
Velkomen til ein kveld med infotainment for alle penga når denne gjengen i kjent stil hyller og herjar med det mest fascinerande og sprøe som finst i denne verda - språket! Det blir anekdoter, pensum, musikk, ettertanke, og rett som det er bare blott til lyst!
Linda Eide – Sjovleder med blokkfløyte og wind synth
Sjur Hjeltnes – Pianist med utdanning og innsikt
Halvor Folgerø – Seniorkonsulent med fagott & bass