Sigrid har siste året jobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å ta med musikarane ho har jobba med i mange år ut på turné.
Moldestad er kjend for si store forteljarglede og gode kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre.
Musikarane i bandet pregar musikken med sine bakgrunnar i ulike sjangrar; visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalsk overskot som rører både hjarte og rytme.
Folkemusikken er rota Sigrid Moldestad byggjer sitt eige musikalske landskap i. Ho skriv tekstar på nynorsk eller toneset diktarar som Jan-Magnus Bruheim. Mellom dei lyriske forteljingane kjem villskapen i felemusikken fram og byggjer opp det dynamsike i konsertane.
Sigrid Moldestad driv for tida med innspeling av nytt album som kjem til våren. På denne konserten får me også smakebitar av det nye materialet.