Av og med Fredrik Høyer.
Eg ventar til det blir stille …
Å vere lærar er som å vere standup-komikar, psykolog, barneoppdragar og foredragshaldar på same tid. Alt skal lærast, ikkje minst kjærleiken ein får til elevane. Viss læring er å møte seg sjølv, og forståing er å stå framfor eit anna menneske, kva betyr då eigentleg ansvar for eiga læring?
Den nytilsette vikarlæraren Kristian står framfor ein femteklasse, eit tverrsnitt av samfunnet, fylt med behov, forventingar og draumar. Men hemmeleg går han rundt med ei konstant indre oppløysing. I møte med tiåringane blir han nøydd til å konfrontere sitt eige indre barn, lærarrolla og systemet rundt han.
Slam-poet og skodespelar Fredrik Høyer er ein av dei mest originale stemmene i samtidsteateret. Han framfører sjølv rolla som vikarlæraren Kristian med nærleik og sylskarp humor, i ei djuptloddande tekst om korleis me forstår oss sjølve gjennom andre sine blikk og rollene me spelar i liva til kvarandre. På ein overraskande måte blir det grå og kvardagslege gjort til ei mytisk reise som vedkjem både deg og meg.
Framsyninga varar i to dobbelttimar med friminutt (3 timar inkludert pause).
Dramatikar, komponist og skodespelar: Fredrik Høyer
Regissør: Katinka Rydin Berge
Scenograf og lysdesignar: Øyvind Wangensteen
Kostymedesignar: Julia Wilde
Foto: Eirik Havnes
Brodering og grafisk design: Sandra Olsen
Produsent Riksteatret: Anita Basmo Bjørnstad
Produsert av Vega Scene og Riksteatret.
NB! Billettane er utan setenummer. Med andre ord fritt seteval når du kjem på framsyninga.
You may also like the following events from Ål kulturhus:
- This Saturday, 6th December, 07:00 pm, Darling West: Lights – Juleturné 2025 // Ål kulturhus – UTSELD! in Hønefoss
- Next Wednesday, 10th December, 07:00 pm, Ein julekonsert med Moddi // Ål kulturhus in Hønefoss
- Happening on, 4th February, 07:00 pm, Teater Manu: Kvinne, kjenn din kropp // Ål kulturhus in Hønefoss
Also check out other
Arts events in Hønefoss,
Literary Art events in Hønefoss.