

# Event Details

- **Event Name**: Jonas Fjeld setter bagen fra seg på Ål // Ål kulturhus – FÅ LEDIGE BILLETTAR!
- **Event Start and End Date**: Sat, 14 Nov, 2026 at 07:00 pm (+01:00)
- **Event Description**: Jonas Fjeld tek siste runde!

Sjølvaste Jonas Fjeld har annonsert at han gjev seg som turnerande musikar etter 2026, og han spelar sin største konsert i karrieren i heimbyen Drammen 5. september. Men det finst også høve for deg som ikkje tek turen til Drammen!

Fjeld tek nemleg også med seg konserten «Jonas Fjeld setter bagen fra seg» ut på turné, med meir enn 30 konsertar rundt om i landet i 2026. 
Han har underhalde oss i meir enn 50 år. Han har laga nokre av nasjonallåtane våre. Han har fått oss til å le, gråte og tenkje med songane sine og ei eineståande formidlingsevne. Men alt har ein ende, også for Jonas Fjeld. No er tida komen for å setje bagen frå seg etter eit liv i musikkens teneste. Men fyrst skal det bli gjennomført ein siste runde.

Jonas Fjeld er ein artist som takka vere den lange karrieren er meir allsidig enn mange andre kan drøyme om å bli. Han starta som gjøglande rockar i det elleville bandet Jonas Fjeld Rock ‘n’ Rolf Band, held fram med seriøs funk innspelt i USA, laga country-plate i Nashville, samarbeidde med utallige norske artistar på plate (Hilde Heltberg, Lillebjørn Nilsen, Randi Hansen, Ivar Medaas, Øystein Sunde m.fl.), gjorde comeback som soloartist med country-inspirert viserock, spelte amerikansk folkemusikk saman med Rick Danko frå The Band og Eric Andersen, samarbeidde med visekongen Ole Paus og rockepoeten Henning Kvitnes, kasta seg ut i bluegrass saman med Chatham County Line, og gjekk til topps saman med legendariske Judy Collins. For ikkje å snakke om Jonas Fjeld Band, som var leiande innan norsk rock på 80-talet med to Spellemannprisar. Noko som understrekar at Jonas Fjeld er ein artist utanom det vanlege – ikkje berre i norsk, men også internasjonal samanheng. 

No nærmar han seg målstreken, og det skal feirast. For sjølv om dette blir hans siste runde, er det ikkje snakk om å henge med hovudet og ta farvel. Tvert imot – på desse konsertane skal Jonas Fjeld framstå som den artisten han i bunn og grunn er: Ein artist som elskar publikumet sitt, som elskar å opptre, og som evnar å nyte nuet. Kvar konsert på denne turnéen vil bli ein fest. Men ta med eit lommetørkle, slik for sikkerheits skuld. For er det noko Jonas Fjeld verkeleg kan, så er det å lokke fram kjenslene i oss. Det finst ingen som er hans like. DET skal feirast!
- **Event URL**: https://allevents.in/h%C3%B8nefoss/jonas-fjeld-setter-bagen-fra-seg-på-Ål-Ål-kulturhus-fÅ-ledige-billettar/200028045408508
- **Event Categories**: music, art, entertainment, concerts, festivals
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 266

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Hønefoss
- **state**: BU
- **country**: Norway
- **location**: Ål kulturhus
- **lat**: 60.629733757633
- **long**: 8.5623143574715
- **full address**: Ål kulturhus, Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Jonas Fjeld setter bagen fra seg på Ål // Ål kulturhus – FÅ LEDIGE BILLETTAR!
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events7/banners/3be24b49115e4361e1239c509ccef6e570e54a598ebd5ae912ab030bca203c4c-rimg-w1200-h628-dcbfc0be-gmir?v=1774940910

## FAQs

- **Q**: When and where is Jonas Fjeld setter bagen fra seg på Ål // Ål kulturhus – FÅ LEDIGE BILLETTAR! being held?
  - **A:** Jonas Fjeld setter bagen fra seg på Ål // Ål kulturhus – FÅ LEDIGE BILLETTAR! takes place on Sat, 14 Nov, 2026 at 07:00 pm to Sat, 14 Nov, 2026 at 07:00 pm at Ål kulturhus, Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway.
- **Q**: Who is organizing Jonas Fjeld setter bagen fra seg på Ål // Ål kulturhus – FÅ LEDIGE BILLETTAR!?
  - **A:** Jonas Fjeld setter bagen fra seg på Ål // Ål kulturhus – FÅ LEDIGE BILLETTAR! is organized by Ål kulturhus.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** Jonas Fjeld setter bagen fra seg på Ål // Ål kulturhus – FÅ LEDIGE BILLETTAR! is ideal for live music fans, concert-goers, and anyone who enjoys unforgettable performances from their favorite artists in an electric live atmosphere. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Hønefoss, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. With 260+ people already showing interest, this is clearly an event worth adding to your calendar - don't miss out.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "MusicEvent",
        "name": "Jonas Fjeld setter bagen fra seg på Ål // Ål kulturhus – FÅ LEDIGE BILLETTAR!",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events7/banners/3be24b49115e4361e1239c509ccef6e570e54a598ebd5ae912ab030bca203c4c-rimg-w1200-h628-dcbfc0be-gmir?v=1774940910",
        "startDate": "2026-11-14T19:00:00+01:00",
        "url": "https://allevents.in/h%C3%B8nefoss/jonas-fjeld-setter-bagen-fra-seg-på-Ål-Ål-kulturhus-fÅ-ledige-billettar/200028045408508",
        "eventStatus": "https://schema.org/EventScheduled",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Ål kulturhus",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge",
                "addressLocality": "Hønefoss",
                "addressRegion": "BU",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "60.629733757633",
                "longitude": "8.5623143574715"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Jonas Fjeld tek siste runde!\n\nSjølvaste Jonas Fjeld har annonsert at han gjev seg som turnerande musikar etter 2026, og han spelar sin største konsert i karrieren i heimbyen Drammen 5. september. Men det finst også høve for deg som ikkje tek turen til Drammen!\n\nFjeld tek nemleg også med seg konserte",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "l kulturhus",
                "url": "https://allevents.in/org/Ål-kulturhus/20275003",
                "description": "Ål kulturhus, Ål. 3,576 likes · 177 talking about this · 1,703 were here. Ål kulturhus (opna i 1992) er eit regionalt kulturhus for heile Hallingdal med..."
            }
        ]
    }
]
```