Dagfinn Lyngbø er klar for Ål kulturhus med den nyaste forestillinga si: «Folk»!
Folk er høgt oppe blant tema me snakkarmest om: Kjentfolk, familiefolk, sure folk og stortingsfolk. Mannfolk, kvinnfolk og mediefolk. Og finansfolk, fjellfolk, urfolk, askøyfolk og influensarar. De skjønar greia...
Når ein av landets absolutt mest morosame standupfolk snakkar om andre folk blir det mykje å le av og kjenne seg att i. Denne gongen har Dagfinn med seg ein av sine absolutte favorittfolk, nemleg musikar og bestevenn Bjarte Jørgensen. For nokre fine folk!
Dagfinn Lyngbø har hatt kjempesuksess med forestillingene «Ka e’ vitsen?» (2005), «Evolusjon» (2008), «Stereo» (2012) , «Supersmud» (2017) og «Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars» (2020), som til saman har selt godt over ein halv million billettar og mottatt ikkje mindre enn åtte Komiprisar, noko som understrekar hans posisjon som landets mest populære komikar.
Det einaste me veit sikkert er at når Dagfinn lagar show, så kjem det folk - så her er det berre å glede seg!
«Det er så gjenkjennelig at hele salen brøler av latter»
- AFTENPOSTEN
«Dagfinn Lyngbø er fremdeles av norsk humors aller beste komikere»
- NRK
You may also like the following events from Ål kulturhus: