

# Event Details

- **Event Name**: Workshop/jam med Tegson // Veggmåleri
- **Event Start and End Date**: Tue, 18 Nov, 2025 at 05:30 pm – Tue, 18 Nov, 2025 at 08:30 pm
- **Event Description**: Nysgjerrig på veggmåleri og gatekunst?

I denne workshopen leiar kunstnar Terje Grimen (Tegson) deltakarane gjennom skapinga av eit stort, felles veggmåleri i Høgsalen på museet. Workshopen er knytt til prosjektet URO – Tagging og broderi, og veggmåleriet blir del av rominstallasjonen som er open for publikum fram til 14. desember.

Alle får sin eigen veggplass, men grensene viskast ut: måleria flyt saman, møtest, og blir til eitt stort felles verk. Gjennom workshopen får du utforske ulike teknikkar med måling, penslar og rullar — og for dei som vil nå høgare, finst både lange malingsstenger og stigar. Terje Grimen deler av si erfaring frå gatekunst og veggmåleri. Han utfordrar, inspirerer og hjelper deg å finne ditt eige uttrykk i det store kollektive bildet.

Workshopen passar for dei som har interesse for og erfaring med teikning eller måleri. Du treng ikkje førebu noko visuelt før workshopen, men reflekter gjerne over forholdet ditt til naturen, som er den underliggande tematikken i rominstallasjonen elles.

Alt av utstyr og måling er inkludert i billetten, du treng berre ta med eigne måleklede. Kun få plassar!

BILLETTINFO:
Vaksen: kr. 475
Student/under 25 år: kr. 275
Aldersgrense 18 år


Terje Grimen / Tegson (f. 1989) har bakgrunn frå Bergens urbane graffitimiljø på 2000-tallet, og arbeider i dag med abstrakte veggmaleri, tekstilkunst og kunst i offentleg rom.

Sidan 2013 har han utvikla eit kunstnarskap med både nasjonalt fokus og internasjonale perspektiv, der tematikkar som solidaritet, aktivisme og utanforskap står sentralt – ofte i spenn mellom lokale og globale kontekstar.

Kunst i offentleg rom er ei kjerne i Grimens praksis. Han har eit sterkt engasjement for at kunst skal være tilgjengeleg for alle, og jobbar med ein folkeleg og inkluderande tilnærming som inviterar til refleksjon og dialog i det offentlege rom.

Under bachelorstudiane ved Kunstakademiet i Tromsø vart han introdusert for tekstile teknikkar, noko som leia til ein mastergrad i materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo, med avgang i 2025.

Kontrasten mellom harde samfunnstemaer og bruken av mjuke material, som broderi, har stått sentralt i hans kunstnarlege utforsking dei siste åra. Han undersøker korleis materialval kan påverke bodskapet og opne for nye formar for dialog.
- **Event URL**: https://allevents.in/f%C3%B8rde/workshop-jam-med-tegson-veggmåleri/200029180190630
- **Event Categories**: workshops, art
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 25

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Førde
- **state**: SF
- **country**: Norway
- **location**: Storehagen 1 A, 6800 Førde, Norway
- **lat**: 61.45191
- **long**: 5.85663
- **full address**: Storehagen 1 A, 6800 Førde, Norway, Storehagen 1A, 6800 Førde, Norge, Førde, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Workshop/jam med Tegson // Veggmåleri
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events10/banners/50c4b634c4a4844321e9f7b60c149fab9ab8f647a5fe2f8c2e35f28723f2e49c-rimg-w1071-h1428-dcdbc8b7-gmir?v=1762898189

## FAQs

- **Q**: When and where is Workshop/jam med Tegson // Veggmåleri being held?
  - **A:** Workshop/jam med Tegson // Veggmåleri takes place on Tue, 18 Nov, 2025 at 05:30 pm to Tue, 18 Nov, 2025 at 08:30 pm at Storehagen 1 A, 6800 Førde, Norway, Storehagen 1A, 6800 Førde, Norge, Førde, Norway.
- **Q**: Who is organizing Workshop/jam med Tegson // Veggmåleri?
  - **A:** Workshop/jam med Tegson // Veggmåleri is organized by Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** Workshop/jam med Tegson // Veggmåleri is ideal for curious learners, students, and skill-builders looking to gain hands-on knowledge and practical expertise in a focused, interactive setting. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Førde, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. If Workshop/jam med Tegson // Veggmåleri sounds like your kind of event, don't wait - spots fill up fast.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Workshop/jam med Tegson // Veggmåleri",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events10/banners/50c4b634c4a4844321e9f7b60c149fab9ab8f647a5fe2f8c2e35f28723f2e49c-rimg-w1071-h1428-dcdbc8b7-gmir?v=1762898189",
        "startDate": "2025-11-18",
        "endDate": "2025-11-18",
        "url": "https://allevents.in/f%C3%B8rde/workshop-jam-med-tegson-veggmåleri/200029180190630",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Storehagen 1 A, 6800 Førde, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Storehagen 1A, 6800 Førde, Norge",
                "addressLocality": "Førde",
                "addressRegion": "SF",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "61.45191",
                "longitude": "5.85663"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Nysgjerrig på veggmåleri og gatekunst?\n\nI denne workshopen leiar kunstnar Terje Grimen (Tegson) deltakarane gjennom skapinga av eit stort, felles veggmåleri i Høgsalen på museet. Workshopen er knytt til prosjektet URO – Tagging og broderi, og veggmåleriet blir del av rominstallasjonen som er open fo",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Sogn og Fjordane Kunstmuseum",
                "url": "https://allevents.in/org/sogn-og-fjordane-kunstmuseum/26614072"
            }
        ]
    }
]
```